Serieturnering 27. mai 2018

Bjørgum IL har gleda av å invitera til fotballfest sundag 27. mai!

24 lag i klassane jenter og gutar 7 år er klare for serieturnering hjå oss.

VEL MØTT STORE OG SMÅ!


KORLEIS FINN EIN FRAM TIL BJØRGUM IDROTTSPLASS OG PARKERING?

Frå Rv 13 tek du av og køyrer Fennavegen, etter den raude, stipla linja som viser på kartet under. Frå der ein skal ta av frå Fennavegen, vil det vera skilta mot idrottsplassen. Parkering vil vera ved Bjørgum skule, rett ved fotballbanen.

  


KAMPANE

Kampane vil gå på kunstgras, og 48 kampar vil vera fordelt på 4 banar. Kvar kamp vil vera på to omganger av 8 minutt kvar med 1 minutt pause. Kvart lag vil spela 4 kampar i løpet av dagen.

Kampoversikta viser kor tid kampane vil starta. Det er viktig at alle lag er klare i god tid før kampstart. Me ynskjer at alle lag gjer ferdig FairPlay-helsing før oppsett starttidspunkt, slik at laga er klare 3 mot 3 når klokka viser kampstart. Kvar kamp vert avslutta med «takk for kampen»- helsing. Alle kampane startar og vert avslutta via signal fra speaker.

Arrangøren vil stilla med vestar dersom det skulle være like fargar. Bortelag vil da få vestar.
Me stiller med to kampvertar som dekkjer dei fire banane, og desse vil òg kunne gje informasjon.

Kvar spelar vil få ein diplom frå turneringa. Diplomane får dei utdelt ved å ta kontakt med speakerbua etter siste kamp.

Kampoppsett

(Klikk på biletet for større versjon)
Kampoppsett 270518 Liten

 

Kampoppsettet i PDF-format


UNDERHALDNING OG ANNA AKTIVITET

Gjennom heile dagen, vil det vera ulike aktivitar der ein mellom anna kan teste skuddfoten.

Kl 12.40 vil det vera oppvisning i freestyle-fotball med VM-deltakar Sindre Herre Hansen. Oppvisninga skje på bane 1.

MX-Sport vil stå på stand og ha med ulike småprodukt for sal på staden, som ballar, drikkeflasker og spinnere. Ein kan òg bestille Umbroklede til 25 % rabatt.


KIOSK

Kiosken vil være åpen gjennom heile arrangementet. Her kan ein kjøpa både pølser, frukt, kake, is, juice og kaffi.

Betaling med Vipps eller kontant.

Vipps namn og kode:

 

Bjørgum Idrottslag

Postadresse:

Postboks 279
5702 Voss

Epost: post@bjorgumil.no 

Agenda:

27. mai 2018
Serieturnering for jenter og gutar 7år. Bjørgum kunstgras.

Vår hovudsponsor:


Utstyr og klubbkolleksjon:

ScantradeUmbro

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på MySpace

Webløsning ©2013-15 av Web Norge basert på Joomla