Nytt medlemsregister

Bjørgum IL har tatt i bruk KlubbAdmin som medlemsregister. Det inneber at det er enklare både for idrettslaget og kvar enkelt medlem, som kan administrere medlemskap, påmeldingar m.m. i portalen «Min Idrett». I denne samanhengen vil vi be om at kvar enkelt medlem fyller ut kontaktinformasjon i eit eige medlemsregistreringsskjema.

Hugs at alle som deltek på aktivitetar (trening/kampar/løp/renn) må vere medlem. Me er også glade for alle aktive støttespelarar som vil vere medlem eller støttemedlem!

Skjemaet kan du returnere til lagkontakt(fotball) eller sende i e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. (som
skanna vedlegg eller skriv informasjonen direkte i e-posten).

Medlemsfordelar

  • Du får rabatt på varer på MX Sport. 20% på fotballprodukt frå Umbro, 15 % på øvrige varer. I tillegg vil MX Sport og idrettslaget invitere til 2 eigne klubbkveldar med ekstra gode rabattar!
  • Du får rabatt på sesong- eller årskort i Voss ski- og tursenter.
  • Du bidreg til aktivitet og trivsel for born og vaksne i grenda vår!

Prisar

Enkeltmedlem: 150 kroner
Familiemedlemskap: 400 kroner
Støttemedlem: 100 kroner

Betalingsinformasjon for medlemsavgifta vert sendt til e-postadressa du skriv i skjemaet.

 

Last ned skjema for medlemsregistrering i Bjørgum IL

 

 

Bjørgum Idrottslag

Postadresse:

Postboks 279
5702 Voss

Epost: post@bjorgumil.no 

Agenda:

27. mai 2018
Serieturnering for jenter og gutar 7år. Bjørgum kunstgras.

Vår hovudsponsor:


Utstyr og klubbkolleksjon:

ScantradeUmbro

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på MySpace

Webløsning ©2013-15 av Web Norge basert på Joomla