
BJØRGUM IL FJELLTRIM 2020
Bjørgum IL ynskjer at så mange som mogleg skal koma seg ut på tur,
væra i aktivitet og ikkje minst oppleva den flotte naturen me har i grenda vår.
Skigruppa i Bjørgum IL har tatt initiativ til å starta opp Bjørgum IL fjelltrim, der dei har plassert ut 4 postkassar/trimbøker i Bjørgum-krinsen.
Det er satt opp postkassar på Skredhovden, Sollikamben, Potten og
Opelandsstølen.
Fjelltrimmen er eit lågterskeltilbod som passar for både små og store,
unge og gamle-ja heile familien.
Påmeldingsavgift
Barn kr.50,- (opptil 18 år)
Vaksne kr.100,-
Familie kr.250,-
Vipps #104268 eller betal inn til kontonr: 9581 10 93646
Merk betalinga med namn på deltakarar.
Alle medlemmar under 18 år som deltek får deltakarpremie.
Påmeldte deltakarar som skriv seg inn i bøkene på dei ulike turane, er med i trekninga av fine gåvepremiar som blir trekt ut i løpet av hausten/sesongslutt.
Det er ingen begrensningar på kor mange gonger ein skriv seg inn i dei ulike bøkene. Det vil seia desto fleire gonger ein skriv seg inn i ei bok, desto større er vinnarsjansen.
Ikkje lat det liggja att bos etter deg, lat att grinder og vis omsyn til beitande dyr.
Kontaktpersonar Bjørgum IL fjelltrim 2020
Leif Bjørn Grindedal mob: 95817709
Lars Krangnes mob: 41920258
Bjørgum IL ynskjer dykk god tur og håpar de får mange fine turar i løpet av sommaren😀