fremside fotball

BJØRGUMTRIMMEN 2022
Bjørgum IL ynskjer at så mange som mogeleg skal koma seg ut på tur, vera i aktivitet, og ikkje minst oppleva den flotte naturen me har i grenda vår.
Skigruppa i Bjørgum IL vil også i år invitera alle til Bjørgumtrimmen, der me har plassert ut 8 postkassar/trimbøker i Bjørgum-krinsen. Det er i år sett opp postkassar på Sollikamben, Potten, Opelandsstølen, Skrehovden, Håset, Grønahorgi, Skjerve og Steindro.
Bjørgumtrimmen er eit lågterskeltilbod som passar for både små og store, unge og gamle- ja heile familien.
Påmeldingsavgift
Barn kr.100,- (opptil 18 år)
Vaksne kr.150,-
Familie kr.300,-
Vipps #104268 eller betal inn til kontonr: 9581 10 93646
Merk betalinga med namn på deltakarar.
Alle medlemmar under 18 år som deltek får deltakarpremie.
Påmeldte deltakarar som skriv seg inn i bøkene på dei ulike turane, er med i trekninga av fine gåvepremiar som blir trekt ut i løpet av hausten/sesongslutt.
Det er ingen begrensingar på kor mange gonger ein skriv seg inn i dei ulike bøkene. Det vil seia desto fleire gonger ein skriv seg inn i ei bok, desto større er vinnarsjansen.
Ikkje lat det liggja att bos etter deg, lat att grinder og vis omsyn til beitande dyr.
Kontaktpersonar Bjørgumtrimmen:
Leif Bjørn Grindedal mob: 95817709
Lars Krangnes mob: 41920258
Gro Marit Istad Kristiansen mob: 99205571
Solbjørg Opheim mob: 90019502

Bjørgum IL ynskjer dykk god tur og håpar de får mange fine turar i løpet av sommaren.183100344 105601501698926 3929816396131742425 n

Facebook

Hovedsponsor

vekselbanken

Del denne siden:

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn

Besøksadresse:

Tjørnahaugane
5709 Voss

Postadresse:

Postboks 279
5702 Voss

Kontakt:

Epost: post@bjorgumil.no

Webdesign © 2013-2019 av Web Norge