Bjørgum IL er eit aktivt lag innan barne- og ungdomsfotball. Me stiller lag i aldersbestemte
klassar for jenter og gutar, og deltek årleg på Voss Cup og andre lokale cupar. Dei litt større
borna reiser også gjerne til cupar og samlingar utanfor vossebygda.
Idrettsplassen på Bjørgum vart i 2009 oppgradert til eit moderne kunstgras-anlegg, og det gir
oss høve til å halde stor aktivitet gjennom heile sesongen. Anlegget er sentralt plassert i
grenda, og det blir også ein naturleg samlingsplass for leik og aktivitet for folk i grenda.
Me legg også vekt på å skape ei triveleg ramme rundt heimekampar. Då har me open kiosk,
og har tilrettelagt med bord og benkar for å gi vitjande ei triveleg oppleving på Bjørgum.