Treningsplassen på Mønshelleberget var det fyrste idrottsanlegget til Bjørgum Idrottslag, og plassen vart til alt i skipingsåret 1945.

På årsmøte i 1977 vart det valt ei nemd som skulle avlasta styret i arbeidet med ny idrottsplass. I 1981 vart det bestemt at den den nye idrottsplassen skulle ligga ved Bjørgum skule.

Laurdag 26.okt 1985 vart arbeidet med hogst av skog sett i gang. Dette var eit dugnadsarbeid som gjekk føre seg mest kvar laurdag framover mor jol. Den fyrste fotballkampen vart spela 20. september, med mykje folk til stades.

Det vart utført 2750 dugnadstimar i åra 1085-1989.

I 1989 fekk laget sitt eige klubbhus.

Det var eit stort ynskje om kunstgrasbane på Bjørgum, og etter ein fantastisk dugnadsinnsats, stod det flotte anlegget me har i dag, ferdig i 2009.

 

Anleggsansvarleg Bjørgum IL:

Jørn-Magnus Emblem mob: 95166907 mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.