Bjørgum Idrottslag si historie

Bjørgum Idrottslag vart skipa, sundag 17 juni 1945 på låven til A.K Møen. Det vart skipa til ein namnekonkurranse mellom dei frammøtte. Alle som var tilstades på skipingsmøte fekk tildelt lappar, der dei kunne skriva eit eller fleire framlegg til lagsnamn. Fleire meinte at laget skulle heita Bjørgum Idrottslag, og dette namnet vart så vedteke. For å kåra ein vinnar i namnekonkurransen, vart det trekt lodd mellom dei som hadde gjort framlegg om dette namnet. Kolbein Dale vart vinnar, og samstundes vart han utnemd til livsvarig medlem i laget. Av 60 frammøte på skipingsmøte, teikna 50 seg som medlemer alt same kvelden.
Medlemskontigenten vart sett til kr. 3,- for vaksne og kr. 1,50 for born.

Bjørgum Idrottslag sitt lagsmerke vart samrøysta vedtatt på eit medlemsmøte 5. mars 1948, og var eit utkast frå Johannes Fenne, kunstnar og felespelar.

Treningsplassen på Mønshelleberget vart det første idrottsanlegget til Bjørgum Idrottslag, og plassen vart til alt i skipingsåret 1945.
Etter at treningsplassen på Mønshelleberget var klar, kom det fram frå mange hald ønskje om at laget burde ha ein hoppbakke. Alt i 1946 fann styret i laget høveleg stad for ein bakke på Grove, og avtale om leige av grunn vart skriven. Arbeidet tok til i 1947, dels dugnadsarbeid og dels leigearbeid. Tilskotsordningane den gongen var ikkje særleg gode, og arbeidet måtte difor gå over fleire år. Først i 1955 var arbeidet med ein 50-60 meters bakke kome så langt at
bakken kunne takast i bruk. Det året skipa Bjørgum IL til krinsmeisterskapet på ski, og dette var det første store rennet i laget si soge. Grovebakken vart både av hopparane og rikstrenarane skildra som ein «god bakke».

Bjørgum Idrottslag har også hatt eige langrennsløyper. Løypa gjekk gjennom Bjørgamarka, over Opelandstjørna og fram til Istadmyrane. Denne løypa vart nedlagt då dei tok til å rydda for nytt byggjefelt i Bjørgamarka, og nye løyper måtte takast i bruk.
Med stor innsats frå brørne Leiv og Jon Istad vart det etter kvart bygd ut eit nett av løyper på Istadmyrane, som blir nytta av medlemane i dag. Det var i desse løypene at Verdsmeisterskapet i skiskyting for junior vart stelt til i 1989.

På årsmøte i 1977 vart det valt ei nemd som skulle avlasta styret i arbeidet med ny idrottsplass. Stadvalet til den nye idrottsplassen, ved Bjørgum skule, vart klart på årsmøte den 12. mars 1981. Laurdag 26.oktober 1895 vart arbeidet med hogst av skog sett igang.
Dette var eit dugnadsarbeid som gjekk føre seg mest kvar laurdag framover mot jol.
Det var god oppslutnad på dugnadane med opp i 30 mann på det meste, og med 5-6 traktorar. Den første fotballkampen vart spela 20. september, men mykje folk til stades.
For å få til bygginga av plassen var laget avhengig av støtte og velvilje frå mange hald. Asle
Bergstrøm i Voss kommune var både planleggjar, rådgjevar og pådrivar, og han var heile tida til stor hjelp. Heilt avgjerande for dugnadsarbeidet var dei som gong etter gong møtte opp for å ta eit tak, mange av dei med traktor eller annan nyttig reiskap. Særs ofte var leiaren i plassnemda, Jon Eikefjord, å sjå i arbeid med den nye idrottsplassen. Ingen veit vel kor mange dugnadstimar han har lagt ned i plassen.
I 1989 fekk laget sitt eige klubbhus.

Det var eit stort ynskje om kunstgrasbane på Bjørgum, og etter ein fantastisk dugnadsinnsats, stod det flotte anlegget me har i dag, ferdig i 2009.

Hausten 2020, etter nærare 2000 dugnadstimar kunne me endeleg opna det nyaste tilskotet til idrottsplassen vår, Bjørgum klatrepark.


Me er stadig i utvikling og lovar fleire nye tilskot i åra som kjem.