
Bjørgum idrottslag jubileumsfest 18+
Arrangør:
Bjørgum Idrottslag
Påmeldingsfrist: 23.08.2025 21:00
Tid
Sted
Bjørgum idrottslag feirar 80 år! 1945 - 2025
Me vil i den forbindelse markere hendinga med å invitere til jubileumsfest.
Me set opp eit stort telt på idrettsplassen med hjelp frå Grisegutane.
Bjørgum bygdekvinnelag hjelp oss med å laga betasuppe som vert servert i starten av arrangementet.
Hovudstyret i idrettslaget står for arrangementet med underhaldning.
Dette vert eit sosialt og kjekt arrangement med god stemning.
Me har inga skjenkebevilgning så alle må ta med seg den drikka dei sjølve vil ha.
Grunna at arrangementet er i eit telt nær bebyggelse kan me diverre ikkje halde på lengre en til kl 24.00
me ber om hjelp frå Dykk til å oppretthalde dette. Me ber også om Dykkar hjelp til å rydda etter Dykk sjølve slik at alle kan vera med på feiringa.
Arrangementet er gratis for alle over 18 år, men grunna logistikk og mat treng me påmelding på førehand.
På vegne av Bjørgum IL håpar me at så mange som mogleg melder seg på og tek turen ned til idrettsplassen denne kvelden.
Hjarteleg velkomen.
Hovudstyret.
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.