Bjørgum IL ynskjer dykk god tur og håpar de får mange fine turar i løpet av sommaren.
Bjørgum IL held årsmøte MANDAG 14. MARS KL. 19.30 i klubbhuset.
Vanlege årsmøtesaker.
Vel møtt!
Mvh styret
Hei alle fotballvener!
Det er med stor gleda at Bjørgum IL endelig kan invitere til tradisjonsrik serieturnering for dei yngste spelarane i Vossabygda, Sundag 30. mai 2021
Me lever framleis i ei tid der korona pregar samfunnet, og me må fylgje dei reglar og retningslinjer som til ei kvar tid gjeld. Det er viktig at ein held avstand og føl smittevernsreglane når ein ikkje er i aktivitet. Dette gjeld og alle andre som oppheld seg på anlegget.
Som arrangør er me plikta til å registrera alle deltakarar med tanke på smittesporing. Bjørgum IL brukar appen, Hoopla, til gjesteregistrering. Deltakarar registrerar seg og sine på førehand. For at ein ikkje skal bli for mange på anlegget, ber me om at det stiller maks 2 personar pr. spelar, inkludert trenar og lagleiar.
Ved inngang vil QR koden ein fekk ved bestilling bli skannet ved ankomst på arrangementsdagen.
Registrering Pulje 1 Gutar
https://bjorgumil.hoopla.no/sales/1899766445
Registrering Pulje 2 Jenter
https://bjorgumil.hoopla.no/sales/1942953486
For eventuelle spørsmål angåane gjesteregistrering, ta kontakt til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Velkommen til fotballfest på Bjørgum 😊
Bjørgum IL ynskjer dykk god tur og håpar de får mange fine turar i løpet av sommaren.
Velkommen til årsmøte
Mandag 26. april kl. 19.30 ynskjer me medlemmane våre velkomne til årsmøte i klubbhuset.
Grunna korona må ein i år melda seg på.
Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller til leiar Monica Grønås mob: 938 61 809.
Årsmøte kan bli endra til digitalt på kort varsel, om smittesituasjonen endrar seg.
Vel møtt!
Styret
Vinteren er snart her, og som medlem i Bjørgum IL får du 300kr i rabatt på årskort!
Kreativ julepresang til dei som har alt.
Etter 2000 dugnadstimar kunne idrettslaget stolt invitera elevar, lærarar og rektor på Bjørgum skule til offisiell opning av den nye, flotte klatreparken på Bjørgum, fredag 2. oktober. Ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøp, stod for snorklipping, og var tydelig imponert over dugnadsviljen på Bjørgum. Idrettslaget delte ut is til borna, og serverte kaffi og kake til dei vaksne.
Klatreparken ligg fint til i utkanten på idrettsanlegget, med benker i nærleiken, der foreldre kan slappa av og samtidig halde eit auga med borna som leikar. Klatreparken fremjar leik for born i alle aldre, med balanse, klatre- og huskeelementer.
Bjørgum IL ynskjer å takka alle som har vore med på å gjera dette prosjektet til virkeligheit. Ei stor takk til vår trufaste hovedsponsor Vekselbanken for økonomisk støtte, samt støtte frå Sparebanken Vest og Hardangerstiftelsen. Takk for bidrag frå lokale bedrifter og privatpersonar. Takk til Rune frå Klatrejungel AS for god service og godt samarbeid. Og ikkje minst, tusen takk til anleggsansvarlig Jørn-Magnus og resten av dugnadsgjengen. Uten Dykk hadde ikkje dette prosjektet vore mogleg å fått gjennomført.
Så med stor glede og stoltheit, vil me invitera sambygninger til grenda vår, og vonar mange vil ha glede av klatreparken i lang tid framover.
Mvh
Monica Grønås, leiar Bjørgum IL
BJØRGUM IL FJELLTRIM 2020
Bjørgum IL ynskjer at så mange som mogleg skal koma seg ut på tur,
væra i aktivitet og ikkje minst oppleva den flotte naturen me har i grenda vår.
Skigruppa i Bjørgum IL har tatt initiativ til å starta opp Bjørgum IL fjelltrim, der dei har plassert ut 4 postkassar/trimbøker i Bjørgum-krinsen.
Det er satt opp postkassar på Skredhovden, Sollikamben, Potten og
Opelandsstølen.
Fjelltrimmen er eit lågterskeltilbod som passar for både små og store,
unge og gamle-ja heile familien.
Påmeldingsavgift
Barn kr.50,- (opptil 18 år)
Vaksne kr.100,-
Familie kr.250,-
Vipps #104268 eller betal inn til kontonr: 9581 10 93646
Merk betalinga med namn på deltakarar.
Alle medlemmar under 18 år som deltek får deltakarpremie.
Påmeldte deltakarar som skriv seg inn i bøkene på dei ulike turane, er med i trekninga av fine gåvepremiar som blir trekt ut i løpet av hausten/sesongslutt.
Det er ingen begrensningar på kor mange gonger ein skriv seg inn i dei ulike bøkene. Det vil seia desto fleire gonger ein skriv seg inn i ei bok, desto større er vinnarsjansen.
Ikkje lat det liggja att bos etter deg, lat att grinder og vis omsyn til beitande dyr.
Kontaktpersonar Bjørgum IL fjelltrim 2020
Leif Bjørn Grindedal mob: 95817709
Lars Krangnes mob: 41920258
Bjørgum IL ynskjer dykk god tur og håpar de får mange fine turar i løpet av sommaren😀
Dei fleste har kanskje fått med seg at regjeringa opna litt opp tiltaka rundt korona, torsdag 7. mai. Nokre av desse tiltaka får også innverknad på korleis me som idrettslag kan utøva organisert aktivitet på ein trygg måte.
Hovedstyret og fotballgruppa har jobba tett saman, og lagt ned eit grundig og krevjande arbeid med å utarbeida retningslinjer basert på NFF og Folkehelseinstituttet sine reglar og anbefalingar jf. ivaretaking av smittevern på trening.
Dei overordna retningslinjene for Bjørgum IL er utarbeida av fotballgruppa. Desse er vedtatt i styret, og er vedlagt nedanfor, samt risikovurdering og handlingsplan utarbeidd av hovedstyret.
Organisering_av_trening_korona_juni_2020.pdf
Rollebeskrivelse_og_retningslinjer_korona_juni_2020.pdf
Risikovurdering_ved_planlegging_av_organisert_aktivitet1.docx
Handlingsplan_i_forbindelse_med_håndtering_av_koronavirus.docx
Spørsmål angåande korona-handtering i Bjørgum IL:
Monica Grønås
Styreleiar Bjørgum IL
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Det er idag kome forbod mot organsierte treningar og konkurransar i idretten. Dette forbodet vil gjelda inntil vidare.
Når det gjeld trening, oppmodar me medlemmane våre om å trena på eiga hand og etter avtale med foreldra.
Så møtest me vonleg til fellestrening om ikkje så alt for lenge.
breddeaktiviteter-stoppes-ut-april
Mvh
Styret
Sesongen vart runda av med ein flott fotballmarknad, og utdeling av diplom og premiar til alle Bjørgumspelarar. Takk for ein flott sesong.
Idrottslaget jobbar for tida med å byggja klatrepark like ved kunstgrasbana på Bjørgum. Klatreparken skal vera eit aktivitetstilbod for born og unge frå 4 til 15 år, og me håpar mange vil ha glede av den framover. Det vil og bli sett opp bord og benkar med overbygg i tilknyting til anlegget. Klatreparken vert levert av Førdefirmaet Klatrejungel (www.klatrejungel.no).
Eit område der som tidligare var en jordvoll aust for kunstgrasbana, er det iløpet av sommaren vorte flytta store mengder jord og køyrt til stein. Slik at me no har eit ferdig planert område på ca. 1200m2 klar til både klatrepark og evt. tilhøyrande grindbygg. Arbeidet er utført av lokale ildsjeler og idrettslaget. Klatreparken er forventa å stå ferdig i løpet av sommaren/hausten 2020.
Bjørgum Idrottslag har i samarbeid med Scantrade designa splitter ny kleskolleksjon.
Den nye Bjørgum-uniformen er for alle i grenda, både aktive fotballspelarar, skigruppa, foreldre og hobbymosjonisten.
God kvalitet på produkta, og er designa både for både fotball og ski.